Unik Filtersystem leverte vassverk til heile øya

Sitat fra avisa Nordhordland 21.02.22:

Det var berre å kasta seg rundt og setja i gang

Me har møtt berre velvilje så og seia over alt. Eg trur alle har forståing for kor viktig det er at folk har reint vatn. Slik som me får på Mjømna. For eit år sidan sa det gamleanlegget stopp, så då var det berre å kasta seg rundt og byrja planleggja eit nytt fortel styreleiar Kjell Kversøy.

Endeleg reint vatn
det var på Mjømna som i bygder flest, før i tida. Kvar husstand hadde eigen brønn eller kjelde. Ikkje lika godt vatn til alle. I 1996 vart det første reinseanlegget bygd. Eit anlegg som fungerte godt, menetter kvart vart kapasiteten for liten. Reinseanlegget blei den gongen levert av Unik Filtersystem, så når me no skulle byggja nytt, vurderte me eit par alternativ, men hamna hjå same firmaet. Me hadde berre gode erfaringar seier Kversøy. Det nye vassverket og reinseanlegget skal forsyna hus og hytter, framtidige industriområde på Mjømna samt til kundar på naboøyane Svinøyna og Byrknesøy.

Ein Gründer frå Tysso  – Unik Filtersystem
Unik Filtersystem vart starta av ostringen Jarle Boge i 1987. Han utvikla reinseanlegg i samarbeid med NIVA, Norsk institutt for vannforskning. Sidan den gongen har me levert om lag 70 tilsvarande anlegg over heile landet, seier Arne Johnny Boge, dagleg leiar i Unik Filtersystem. Vatnet går gjennom fleire prosessar når det kjem inn i reinseanlegget. Først gjennom eit anlegg som fjernar partiklar som kan ha sett farge og smak på vatnet, samstundes som Ph-verdien stig. I den prosessen bruker dei mellom anna marmorsand. Så nye prosessar som reinsar bort eventuelle bakteriar, parasittar og virus. Så til ein lagertank og deretter går vatnet ut til forbrukarane. Heile prosessen kan den ansvarlege på vassverket følgja og til dels styra frå mobiltelefon eller Pc-en.

Unik Filtersystem takkar for oppdraget!

vannrensing marmorsand UV-anlegg

Til Mjømna Vassverk leverte vi et miljøvennlig vannrenseanlegg bestående av fartikkelfiltre, filtertank med marmorsand, UV-anlegg som fjerne Bakterier, virus og parasitter.

 

 

Ønsker du å bli kontaktet?

Se også

SØK

Søk i produkter, tjenester, referanser, prosjekt.